Visit Vestfold - Favicon in menu
    Åsgårdstrand

    Baker Hansen tolker Chet Baker

    Baker Hansen – Chet Baker på norsk.

    Dette arrangementet har vært.

    Baker Hansen – Chet Baker på norsk
    Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte.
    Jazzklassikarane er tidlause og velkjende, men tekstane er omarbeidde til norsk og framførte på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare oss – og konsertar fulle av kollektivt liv og leik, framført av eit velspelande ensemble, blir til øyreopnande opplevingar. 
    Baker Hansen har gjeve ut fire album: Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016), Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019) og Ein song som liknar oss (2024). 
    No kjem Baker Hansen til Kulturhuset Torvet for ein kveld med vakker jazz, norske ord, hallingdialekt og mykje speleglede.
    Sigurd Rotvik Tunestveit – song og gjendiktingar
    Erling Skorpen – trompet
    Kjetil Jerve – piano
    Stian Andreas Egeland Andersen – kontrabass
    Tore Flatjord – trommer
    Dørene opnar kl. 18.00 – konserten startar kl. 19.00.
    Inngang kr 345,- (+ kr 25,- i avgift).

    Foto: Morten Espeland

    Baker Hansen tolker Chet Baker

    Book nå
    Baker Hansen tolker Chet Baker - Visit Vestfold